Bønneuke i Betlehem 3. - 10.november

av

Vigleik Brekke

Kategori

Nyheter

Publisert

15.10.2024

Sist oppdatert

15.10.2024 9:17

Velkomen til bøneveke i november!

- Å be er å lukka Jesus inn.

Slik definerer Ole Hallesby kva det er å be. I den mest kjende og leste boka av denne indremisjonshøvdingen tek Hallesby utgangspunkt i Openberringa 3:20 når har skal finna nøkkelen som opnar inn til bønerommet.

- Sjå, eg står framfor døra og bankar. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.

Frå sundag 3 til sundag 10. november inviterer vi til bøneveke i Betlehem. I desse åtte dagane ønskjer vi at bøn skal vera ein raud tråd i det som skjer i forsamlinga. I tida før bøneveka vert vi alle inviterte til å setja oss opp på ei bønestafettliste der vi forpliktar oss til å be eín eller to halvtimar i løpet av bøneveka. Det vert laga til godt tilrettelagde bønehefte, både som er retta mot barna og familiane og resten av forsamlinga.

Bøneveka startar sundag 3. november (allehelgensdag) med gudsteneste med tale av pastor Kristian Bønes Yndestad. Det vert fellesmiddag i Betlehem, og gudstenestedeltakarane vert oppmoda om å ta med seg gryterett. Den gryteretten gler vi oss til! Dei som kan bidra med gryterett kan setja seg opp på ei liste.

Måndag 4. november vert det ikkje digitalt bønemøte, men fysisk samling i Betlehem klokka 20.00 (merk tidspunktet).

Torsdag 7. november er det føremiddagstreff klokka 11.00 med tale av Ole Abel Sveen. I forkant (klokka 10.30) vert det bønemøte i 2. etasje.

Fredag 8. november og laurdag 9. november er det som vanleg samling for YA og UV.

Sundag 10. november inviterer vi til gudsteneste med tale av Kristian Bønes Yndestad. Vi syng Arnold Børud-songar. Den siste delen av gudstenesta vert i form av bønevandring med postar i hovudsalen.

Det er mange rike lovnader knytt til bøn. I Bibelen vert vi oppmoda om å be alltid.

- Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Be alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.

Les også