Utvendig og innvendig fornying

av

Kategori

På hjertet

Publisert

9.9.2024

Sist oppdatert

9.9.2024 14:04

Utvendig og innvendig fornying

Bergens indremisjon går inn i ein ny tid. Ei god tid har forsamlinga framfor seg. Ein god ting som skjer er at forsamlinga skal inn i oppussa bygg. Det skal bli fint å feire gudstjeneste i eit finare lokale og betre akkustikk. Eg ber om at det skal bli til stort gagn for all liv og rørsle i forsamlinga!

Eit nyoppussa bygg er fint og bra. Likevel så er det slik at det ikkje treng å ha noko med den åndelige kvaliteten å gjere i forsamlinga. Paulus er ikkje så oppteken av utsjånaden eller kvaliteten på lokalet når han skreiv til Efeserane i 3,18-19 «Må de saman med alle dei heilage få styrke til å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, ja, kjenna Kristi kjærleik, som er større enn nokon kan forstå. Må de bli oppfylte med heile Guds fylde!»

Sjølv om mykje i første etasjen er oppussa, er det ikkje sikkert dei samme folka du har kjend i 30 år er «oppussa». Det er dette Herren Jesus vil gjere med sine, for Han vil renovere oss. Dette skjer saman med sysken ein lever tett på og blir slipt mot. Det er saman med dei heilage at vi erfarar at ny vin treng ein ny skinnsekk. Kanskje er det nyoppussa hovudsalen som ein ny skinnsekk den gode vinen kan renne i?

Takk Gud for at han stadig gjer noko nytt! Ny vin i gamle skinnsekker fungerer ikkje, gamle skinnsekker held ikkje på vinen. Eg trur at hovedsalen vår kan passe til det Herren vil gjere dei neste tiåra. Gud har kalla oss til å vere eit lys for resten av byen. Vi snakker ofte om at Gud har ulike kall for enkteltpersonar, men Gud har ein plan og eit kall for menigheita.

Ofte høyrer vi at nokon er kalla til eit land i det fjerne. Andre er kalla til ei samfunnsoppgåve. Eg seier ikkje dette er feil, men ordet Kalt er så mykje meir, «kaleo» er nytta 125 x i NT. Korleis vert det brukt? Som oftast vert det knytt til at vi er frelste. Det er kallet til å vere meir enn å gjere. Kallet til å kvile, meir enn å streve. Så lat oss ikkje berre sjå framover i desse tider, men lat oss huska på Herren som hang med våre synder på korset. Det er først og fremst han alle i forsamlinga er kalla til samfunn med, «Gud er trufast, han som har kalla dykk til samfunn med sin son, vår Herre Jesus Kristus», 1 kor 1,9.

……………..

Sverre Olai Knardal har vært ansatt som UV-leder i Betlehem fra august 2022 til september 2024.

Sverre går nå på fjerde året på jussen, og skal gifte seg om ikke lenge med Andrea. Vi takker Sverre for tiden han har ledet UV-arbeidet i Betlehem og ønsker han lykke til med jusstudiene og med bryllupet.

Les også